Logo
Til DNT.no forside
Krystallblå innsjø i fjellet

Gjende

Gjendevatnet er kanskje det største høgfjellsvatnet i Norge som ikkje på noko vis er regulert eller utsett for menneskelege inngrep av betydning, og av mange vurdert som den vakraste innsjøen i Norge. Den strekker seg i omlag 20 kilometers lengde innover i Jotunheimen frå øverst i Sjoadalen. I snitt er breidda ca. 1 km, og fjellveggane reiser seg på det meste nesten 1300 meter opp frå vatnet.

Publisert: 24. august 2023
DNTs tilbud

Gjende er med si djupn på omtrent 150 meter den djupaste innsjøen i Jotunheimen Nasjonalpark. På grunn av det store vassvolumet, og at vatnet er utsett for vind, legg det seg vanlegvis ikkje sikker is på vatnet før ved juletider. I 2004 åpna vatnet seg igjen 14.mai, som er ”verdensrekord”. På gode sommardagar kan vasstemperaturen passere 20 grader, særleg på langgrunnene inne ved Gjendebu.

Fiske

Gjende er et godt fiskevatn, og langs nordsida er det svært variert vegetasjon. Ellers er Gjende kjent for den blågrøne fargen. Den oppstår ved at fine brepartikler som blir vaska ut i Gjende reflekterer dagslyset. Fargen blir forsterka ytterligare ved at Gjende ligg så tett inntil mørke fjellvegger og kraftig grøn vegetasjon, slik at kontrastane blir større.

Gjende er gravd ut av isen. Dei høge, motstandsdyktige fjellmassiva i nord og syd gjorde at store ismasser vart presset saman på eit mindre område, der auka istjukkelse gjorde at isen grov så djupt. Vidare nedover Sjoadalen flaut isen meir ut til sidene, og grov dermed ikkje så djupt i landskapet som ved Gjende.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem